Foreslår golv på 750.000 kroner
Eit regjeringsoppnemnd utval som har sett på korleis ein skal oppretthalde mangfald i media i framtida har lagt fram forslaget sitt. Det meiner blant anna at dei små avisene bør få meir støtte.
Mediemangfaldsutvalet, som ut-valet heiter, meiner at det bør vere eit golv i produksjonstilskotet (pressestøtta) til dei små lokale avisene med mellom 1.000 og 6.000 aviser i opplag. Dei bør få minst 750.000 kroner.
– Dersom det går igjennom vil det vere eit viktig tiltak for mange lokalaviser. Det skriv Landslaget for lokalaviser (LLA) på si Facerbook-side.
Pressestøtte og lisens
Mediemangfaldsutvalet vart opp- nemnd i 2015, og har vore leia av Knut Olav Åmås, direktør i Fritt Ord. NRK-sjef Thor Gjermund Eriksen, sjefredaktør i Nettavisen Gunnar Stavrum og redaktør i Bø blad, Hilde Eika Nesje har vore blant medlemmane.
Les meir i papiravisa torsdag eller kjøp avisa på nett på buyandread.no.