Telemark og Vestfold fylkesmannsembete slått saman
I møtet 10. mars vedtok Kongen i statsråd å slå saman fylkesmannsembeta i Telemark og Vestfold. I same møtet vart det også vedteke å slå saman fylkesmannsembeta i Oslo, Akershus, Østfold og Buskerud.
– For å få ein god regional balanse i offentlege arbeidsplassar ønskjer regjeringa å vurdere fylkesmannens lokalisering i samanheng med lokaliseringa av fylkeskommunens administrasjonar, skriv kommunalminister Jan Tore Sanner i ei pressemelding.
Sanner seier i pressemeldinga at når kommunar og fylker endrar grenser må også staten tilpasse seg. Etter vedtaket i statsråd i dag blir det 11 fylkesmannsembete frå 1. januar 2019. I pressemeldinga står det vidare at fylkesmannen no får meir samanfallande grenser med andre statsetatar som politi- og beredskapsetatane kor samording kan vere avgjerande ved krisesituasjonar.
Dei nye fylkesmannsembeta Vestfold/ Telemark og Buskerud/Akershus/Oslo/Østfold stemmer ikkje heilt med grensene for dei nyleg vedtekne politidistrikta. Telemark og Vestfold er saman med Buskerud og Jevnaker i Oppland i politidistrikt Sør-Øst. Oslo er eige distrikt med Asker og Bærum i Akershus. Østfold og deler av Akershus er distrikt Øst.
Dei nye fylkesmannsstillingane skal lysast ut eksternt.