170316-Børevyen-1-samrøreterapeut

Høgt og lågt i Puttland

Åse B. Sageie er samrøreterapeuten som skal få kommunesamanslåinga til å gli godt. Foto: Gro B. Røiland

Fredag kveld var det premiere på den årvisse Børevyen, ei kulturhending som også denne  gongen fylte storsalen i Gullbring. Folkestad står for årets grenderevy, som ber namnet Høgt & Lågt, Puttlandrevyen 2017. Her får ein vera med høgt og lågt, i grenda og lokalhistoria.

Kommunesamanslåing pregar revyen, noko puttlendingane ifølgje det ein ser på scenen har ein viss motstand mot. Rådlause er dei derimot ikkje. På scenen møter ein samrøreterapeutar, bufaste, lokale kjendisar og nasjonale namn.

Meir om revyen som også blir vist i kveld laurdag, kan du lesa i neste utgåve av Bø blad. Fleire bilete blir det også, både på papir og nett.