170316-Lothepus-1

Stappfullt hus for Lothepus

Leif Einar Lothe fekk ein varm velkomst på Bøsenteret. Foto: Gro B. Røiland 

Det kom nokre saftige gloser i kjent Lothepus-stil da Leif Einar Lothe entra scenen på Bøsenteret og såg utover folkehavet. Den populære hardingen virka overvelda og gledeleg overraska over kor mange som hadde møtt fram.

For så fullt har det sjeldan vore på Bøsenteret. I begge etasjane sto folk tett i tett og lag på lag for å sjå Farmen-kjendisen. Folk i alle aldrar, frå ungar til pensjonistar, sto klare med mobilkamera for å fotografere og filme.

Sjølv om Lothe er mest kjent som tv-kjendis, er han også musikar og har gjeve ut to album. Seinare laurdag hadde han og bandet konsert på Meieriet kultursenter i Lunde. På Bøsenteret drog han fleire låtar saman med gitarist Vidar Berge, nokre av dei kjende frå Farmen kjendis. Etter minikonserten i Bø fekk mange frammøtte treffe Lothepus.

Senterleiar Tove Maien Lundeberg er strålande fornøgd med besøket.

– Eg er veldig overraska og glad for at det gjekk så smertefritt når det var så mange folk, seier Lundeberg.