170315-Runa-Eida-Hermansen

Runa nominert til Drømmestipendet

Runa Eid Hermansen er blant dei 342 nominerte til Drømmestipendet 2017. Foto: Privat

Trombonist Runa Eid Hermansen (18) frå Bø er nominert til Drømmestipendet 2017. Totalt er 342 barn og unge frå heile landet nominerte til Drømmestipendet, som blir delt ut av Norsk kulturskoleråd og Norsk Tipping. Frå Telemark er det fjorten nominerte. Stipendet er på 10.000 kroner og går til hundre barn og unge mellom tolv og tjue år som driv med ulike kulturelle aktivitetar.

Runa byrja å spele trombone i Bø kulturskule da ho var åtte år gamal, med Guri Røsok som lærar. Ho har satsa mykje på trombonen og spela både i korps, storband og symfoniorkester, det siste både som solist og orkestermusikar. Målet hennar er å bli del av eit symfoniorkester og kunne leve av musikken. Ho har dei siste åra spela med fleire større orkester og ensemble og vore solist med blant andre Telemark symfoniorkester.

Runa går nå siste året på musikklina på Skien videregående skole, og er i gang med å søke seg inn på høgare musikkutdanning.

Andre frå regionen som er nominert er Elena Marie Kirchman frå Sauherad, visuell kunst, Thea Ellingsen Grant frå Sauherad, musikk, Ina Kathrine Vefall frå Seljord, musikk og musikkproduksjon, og Bjørnar Wendelborg Risdalen frå Nome, musikk.