170316-Flytting-Ingebjrg-Nordb-12-b

Flyttemelding kan gi millionar i kommunekassa

Bytte bil med sykkel. Ingebjørg Nordbø meiner at ein i Sykkelbygda Bø bør bruke ein sykkel som gåve til studentar som melder flytting til bygda. Då kan ein få ned trykket på bilparkeringsplassane ved høgskulen og fylle opp i den nye innebygde sykkelparkeringa.


 300 studentar kan gi 7,8 millionar

­– Dersom ein kan få studentane ved høgskulen til å melde flytting til Bø, kan det gi store inntekter til Bø kommune. Berre rammetilskotet utgjer 23.300 kroner per student per år.

Det seier Ingebjørg Nordbø, representant for Miljøpartiet De Grønne (MDG) i Bø kommunestyre. Talet 23.300 kroner per år er henta frå sakspapira til formannskapet i Ås kommune. I sakspapira står det også at ein student som har meldt flytting genererer 2.500 kroner i månaden til den nye heimkommunen. Ås kommune har knapt 19.000 innbyggjarar, ligg litt sør for Oslo og er vertskommune for Norges miljø- og biovitskaplege universitet med 3.800 studentar.

– Eg vart overraska over kor mykje pengar det dreiar seg om, seier Nordbø.

Ås kommune har sett opp ei økonomisk prognose der ein første året får 300 studentar til å melde flytting. Det vil gi netto 7,8 millionar kroner i kommunekassa. 1.200 studentar etter fire år gir 32 millionar kroner.

Les meir i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no