170316-Vebjørn-Sand-gåve-sjukeheimen-1

Kunstgåve til sjukeheimen

Aune Sand (t.v.) kom uventa på besøk på Bø sjukeheim nyleg med ei raus gåve til bebuarar og tilsette. Foto: Jørund Verpe  

Einingsleiar Jørund Verpe ved Bø sjukeheim fekk solid hakeslepp da Aune Sand dukka opp på Bø sjukeheim nyleg. Med seg hadde han ei kunstgåve verdt 235.000 kroner.

I to veker var Galleri Sand i Bø og Gullbring kulturanlegg med kunstutstilling, målekurs for barn og foredrag med Vebjørn Sand. Folk i alle aldrar besøkte utstillinga som viste måleri og grafikk laga av Vebjørn Sand, samt nokre av far hans, Øyvind Sand, som også er kunstnar.

Da Aune Sand kom med dei omlag 150 bileta til Bø for å montere utstillinga, svinga han innom sjukeheimen med kunst han ville gje vekk. Verpe kom tilfeldigvis innom og fann Aune Sand i gangen på sjukeheimen. Der og da fekk einingsleiaren vite om gåva, noko han syntest var ein hyggeleg gest. Omfanget blei ikkje klart før han blei med ut i bilen for å hjelpe til å bere inn.

Les meir om den rause gåva frå Galleri Sand i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no.