IMG_5921[2]

Forfattarstudentar med felles tidsskrift

Redaksjonen. Aida Solaimanpoor og Camilla Bogetun Johansen er to av dei tre som utgjer redaksjonen. Den tredje er Silje W. R. Nielsen, alle tre studerer i Bø. Foto: fanzine

Felles tidsskrift for første gong

Forfattarstudentane i Bø, Tromsø og Bergen lanserer for første gong eit felles tidsskrift. namnet er fanzine og det blir lansert på Kroa i Bø i kveld

– Det har ikkje vore så mykje samhandling mellom forfattarstudia i Noreg, så me tenkte det ville vere spennande å gjere noko saman, seier Camilla Bogetun Johansen i ei pressemelding.

– Studentane har fått med seg 29 bidragsytarar, tre av dei er etablerte forfattararar, fortel Silje Wiik Røssaak Nielsen frå forfattarstudiet i Bø.

Ho meiner lanseringa på Kora måndag blir ei fin oppvarming til Bøker i Bø 4-7 mai.

Arrangementet er ope for alle og det vil bli høgtlesing frå fanzinen og forfattarsamtale med Rune Christiansen og Camilla Otterlei.

I pressemeldinga forklarar studentane at fanzine er eit samansett ord laga av det engelske ordet fan (tilhengar) og magazine. Ein fanzine er ofte eit spesialblad om eit lite og ofte smalt kulturelt fenomen.