
Klassequizen 2017. Johanne Kvan Haugen, Håkon Aaland og Ask Holte frå Sauherad barne- og ungdomsskule er i finalen i dag, torsdag.
Sauherad-elevar kan vinne
I dag kl 14 blir det avgjort kva for skule i Telemark som vinn Klassequizen 2017. Sauherad barne- og ungdomsskule er med i fylkesfinalen.
I dag møter tre unge sauheringar tre ungdommar frå Kragerø til duell i fylkesfinalen i NRK-programmet Klassquizen 2017. Det er ein kunnskapskonkurranse for elevar på tiande trinn over heile landet. I innleiingsrundane har 25 skular i Telemark konkurrert om ein plass i finalen, deriblant Johanne Kvan Haugen, Håkon Aaland og Ask Holte frå Sauherad barne- og ungdomsskule.
Direktesending
Fylkesfinalen blir arrangert torsdag 30. mars i NRKs studio 2 på Borgeåsen i Porsgrunn. Programmet blir sendt direkte på nett-TV og i NRK Telemarksendinga på radio mellom klokka 14 og 15. Det blir også eit opplegg på skulen i Sauherad på denne tida for resten av elevane som heiar på sine representantar.
Les meir i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no