
Kjærleik. I semifinalen i TV2 sitt program Norske talenter framfører slam-poet Trym Staurheim eit dikt om kjærleik. Foto: TV2
Trym rørte juryen til tårer
Trym Staurheim rørte juryen til tårer med diktet sitt om bestefaren i Norske talenter på TV2. Juryen trykte på gullknappen og sende han rett til semifinalen. Den er i dag, fredag. Oppdatering: Trym gjekk ikkje vidare, men frå Telemark gjekk ungdommane i Tinndølane vidare til finalen.
– Det var stort, spennande og gøy, seier Trym Staurheim om semifinalen.
Han var ikkje nervøs heller, sjølv om det var direktesending og ikkje rom for feil.
– Eg var merir spent enn nervøs, gira og klar, fortel Trym.
Han er busett i Kristiansand, men oppvaksen i Bø.
Det er 54 semifinaledeltakarar i konkurransen, men målet til Staurheim er klart.
– Målet er å kome til topps, seier den utflytte bøheringen.
I dag er det publikum som avgjer kven som går vidare.
Les meir om Trym Staurheim og Norske talenter i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandrad.no