Svein Halvor Dahl Beitostølen_nov16_ELR 265 foto Eirik Lund Røer

Svein Halvor med god NM-plassering

God i NM. Skarphedinløparen Svein Halvor Dahl presterte i NM-løypene i dag.

Svein Halvor Dahl gjekk inn til 23. plass og si beste plassering i NM for senior i dag. Det skjedde på 10 km friteknikk på Gålå. Fleire landslagsløparar måtte «bite i rubben» for bøguten i dag. Lenger ned på lista finn ein blant andre vossingen Sjur Røthe.

I morgon er det nye tak for Svein Halvor. Då dreg det seg til med 5-mil, også det NM-renn.