Treng løyve for å frakte dagsturistar
Kommunestyret oppfordrar Fylkesmannen til å gi løyve til Nils Arne Folkestad slik at han kan køyre dagsturistar med trakkemaskin/beltebil til og frå Hollane. Ein representant gjekk imot.
Folkestad leiger Hollane seter av Linda Nordby, ifølgje sakspapira til kommunestyret. Det må søkjast om løyve til å frakte dagsturistar med motorkøyretøy i utmark og på islagde vatn. Å frakte varer, personale og overnattingsgjester kan Folkestad gjere utan å søkje om løyve.
Drivaren av Hollane opplyser at han er avhengig av å frakte dagsturistar med beltebil for å oppretthalde drifta.
Les meir i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no