160630 Sommarland skiskule sprint 109 b

Verdas beste til skifestivalen

Det er klart for ny Sommarland skifestival i Bø, med rulleskisprint i sentrum. Biletet er frå fjorårets festival. Foto: Marta Kjøllesdal

Sommarland skifestival får verdas beste langrennsløpar til Bø til sommaren. Martin Johnsrud Sundby stadfestar at han kjem til Bø og Lunde for å delta på rulleskirenna 24. og 25. juni.

Festivalen opplyser at fleire løparar melder sin ankomst etterkvart. Det er mykje som tyder på at det blir mange landslagsløparar, både menn og kvinner, i Bø den veka. Det ligg an til ein skikkeleg folkefest, med andre ord.

– Sannsynlegvis vårens flottaste eventyr, seier Martin Johnsrud Sundby, og gler seg til sitt aller første besøk på skifestivalen i Bø.

Han stadfestar at han både blir med på TV-showet i Sommarland, skisprinten i Bøgata og langløpet i Lunde.