170406-Bø-og-Sauherad-halve-våpen

To påskenøtter til bø- og sauheringar

Skal bytast ut. Dei gamle kommunevåpena med feler og eple skal bytast ut med nye, men korleis skal dei sjå ut?

Treng forslag til nytt kommunenamn og kommunevåpen

Arbeidet med å finne namn og kommunevåpen til den nye kommunen er i gang og tida er kort.

– Start gjerne med å tenkje på nytt kommunenamn og kommunevåpen i solveggen eller peiskroken i påska.

Det er oppfordringa frå Alf Rose Sørgaarden. Han er ein av dei seks utvalde i arbeidsgruppa som skal finne nytt namn og kommunevåpen til den nye kommunen som oppstår når  Bø og Sauherad blir historie 1. januar 2020.

Sist torsdag valde Sauherad kommunestyre dei to siste representantane til arbeidsgruppa. Det blei Wenche Akkerhaugen og Hans Kortner Ryen. Dei andre er Alf Rose Sørgaarden (KrF) frå Sauherad. Frå Bø er det Karin Hagen (Ap), Evy Beate Tveter (V) og Borgar Kaasa (Sp) som skal delta. I dag, torsdag 6. april har arbeidsgruppa sitt første møte.

I Bø blad denne veka kan du lese meir  om arbeidsgruppa. Me skriv òg om kommunevåpena  Bø og Sauherad har i dag og om korleis eit kommunevåpen skal vere. Finn fram fargeblyant og papir og ta utfordringa til Rose Sørgaarden.

Har du ikkje papiravisa kan du kjøpe ho på nett på buyandread.no