170406-Nils-Arne-Folkestad

Kjentmann på Lifjell

Nils Arne Folkestad er eit kjent syn på Lifjell der han fraktar folk og varer innover fjellet til Hollane. Før han var det far hans, Halvor N. Folkestad, som gjorde det same. Foto: Gro B. Røiland

Nils Arne Folkestad er fjerde generasjon kjentmann på Lifjell og Hollane seter og turisthytte. Kvar vinter og dei fleste påsker så lenge han kan hugse har han vore på fjellet. Som barn var han med foreldra som hadde servering på Hollane, som vaksen fraktar han folk og varer og køyrer opp skiløyper for Lifjell løypelag.

I papiravisa kan du lesa meir om Nils Arne og Folkestad-familien som har vore på Hollane i mange generasjonar. Du kan også kjøpe avisa på buyandread.no