F5 24. april 2017 C

Bøgutar til MGP-junior

Finaleklare. Bandet F5, som står for Fem fine fyrer fra Folkestad, har kvalifisert seg til finalen i Melodi Grand Prix-junior 2017. F.v. Jonas Ofte Holløkken, Knut Olav Kleiv, Sigurd Nesje, Mathias Ladiszlaidesz og Sture Skalstad. Foto: Øystein Akselberg.

Gruppa F5 frå Folkestad har gått heile vegen via auditon og nådd sjølvaste finalen i MGP-junior 2017. Gutane er 14 år, bortsett frå Sture som har fylt 15. 1.250 deltakarar meldte seg på MGP-junior i år, og 25 kom gjennom nålauget til audition hos NRK i mars. Nå er ti finalistar plukka ut til å vere med i finalen som går av stabelen i Telenor Arena i Oslo laurdag 4. november. Då får publikum og heile nasjonen høyre og sjå F5 spele sin eigen song Generasjon prestasjon.

Måndag blei finaleplassen avslørt for gutane av eit NRK-team som gjesta Bø ungdomsskule der alle gutane er elevar. Det blei ordna med brannalarm slik at alle tilsette og elevar samla seg i skulegarden, og der blei gutane som ein spøk peika ut som ansvarlege for å utløyse brannalarmen. Heldigvis var dei berre klare for MGP-junior-finalen.

Det er tredje gong Bø har ungdom i finalen i MGP-junior. Jenteduoen Ida Ursin-Holm og Cecilie Riis Iden var i finalen i 2004, medan bandet Unik4 (Annika Momrak, Eline Nesje, Simen Bakkåker og Audun Rørmark) var med i 2013. Unik4 vann likegodt heile finalen det året.