170427-TV2-Sommarland-2

Håper tv-show blir folkefest

Tormod Hynne (f.v.), Geir Helge Espedalen, Marianne Dale og Rene Langeveld Sas på kameraplattingen som blei støypt i samband med dei legendariske NRK-showa frå Sommarland. Sankthanseftan blir det kamerafolk på plattingen igjen. Foto: Gro Birgitte Røiland

Endeleg blir det nye tv-show frå Sommarland. Sankthanseftan, under Telemarksveka, blir det direktesendt program på TV2 med artistar, skistjerner, lokalmat frå Telemark og mykje meir.

Prosjektleiar for Telemarksveka, Tormod Hynne, opplyser at showet ennå er i støypeskeia, men artistar som heilt sikkert kjem er Postgirobygget, Atle Pettersen og Sandra Lyng. Han håper kvelden blir ein folkefest som mange vil slutte opp om.

Mange aktørar samarbeider om Telemarksveka, som er ein unik sjanse til å vise fram fylket. TV2 skal ha tv-sendingar frå ulike stader i Telemark heile veka.

Direktør i Sommarland, Rene Langeveld Sas, har høyrt mykje om dei tv-overførde Sommarland-showa på 80- og 90-talet. Nå er han glad for at parken igjen skal på riksdekkande tv, noko som er gull verdt ei veke før høgsesongen i parken startar.

Les meir om saka i papiravisa eller kjøp avisa på buyandread.no