
Sykkel. Ingebjørg Nordbø (MDG) lanserte ideen om å få studentar til å melde flytting ved å gi dei ein premie og det burde vere ein sykkel.
Pengar eller sykkel
Formannskapet sa ja til å gje støtte til studentar som vil melde flytting til Bø, men det var full sprekk når det kom til kva studentane skal få: pengar eller sykkel.
Skal ein rekne med dobbeltstemma til ordføraren vart det fire for og fire imot sykkel som lokkepremie til studentar. Dermed blir det opp til kommunestyret å skjere igjennom, sykkel eller ikkje sykkel.
Saka er at det, ifølgje sakspapira til formannskapet, er om lag 2.000 studentar som er busett i Bø. Dei er ikkje registrert som innbyggjarar i Bø, men har same rettane som andre til helse- og velferdstenester. Det kostar kommunen pengar.
Les meir i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyabdread.no.