mette-marit

Kronprinsessa kjem til Bø

H.K.H. Mette-Marit drar med Litteraturtoget frå Asker til Kristiansand i juni og Bø er ein av stoppestadane. Foto: Jørgen Gomnæs / Det kongelige hoff.

Alle skal til Bø i sommar, også H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit. For fjerde gong legg Kronprinsessa ut på litterær togreise, og i år er det med Sørlandsbanen. Turen går frå Asker til Kristiansand og den 7. juni stoppar toget i Bø.

Tema for årets litterære togreise er «Hjem». Mellom Kronprinsessas heimstader Asker og Kristiansand stoppar Litteraturtoget i Bø, Gjerstad og Vennesla.

På stoppestadane blir det litterære arrangement i samarbeid med dei lokale biblioteka, og Kronprinsessa legg til rette for gode møte mellom publikum og aktuelle forfattarar. Bø bibliotek skal vera arena for litteraturarrangement der Maja Lunde, forfattaren bak boksuksessen «Bienes historie», deltar.