
God kulturskule. For å bli Norges kulturkommune blir Bø blant anna vurdert etter talet på undervisningstimar i kulturskulen. Her er gitarlærar Erik Norheim i sving med elevane Mannar Al-Aazari (t.v.) og Markus Fossum. Arkivfoto: Øystein Akselberg
Både Bø og Sauherad er nominert til Norges musikkommune 2017
Musikkaktiviteten i både Bø og Sauherad blir lagt merke til på landsbasis. Nå er begge kommunar nominert til Norges musikkommune 2017.
Kvart år sidan 2013 har Norsk musikkråd kåra den beste musikkommunen i landet, som er ein kommune som har utmerkt seg i arbeidet for å leggje til rette for lokalt musikkliv. I år er både Bø og Sauherad med blant dei ti nominerte kommunane. Dei øvrige nominerte er Røros, Tolga, Os i Hedmark, Folldal, Volda, Gloppen, Engerdal og Vang.
Ifølgje ei pressemelding frå Norsk musikkråd tek kåringa utgangspunkt i kva for mulegheiter innbyggjarar i alle aldersgrupper har til å delta i og oppleve musikk, noko som er i tråd med Norsk musikkråds verdigrunnlag.
Les meir i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no