170511-17de-mai-førehands-05-b

– Gå til topps!

Fotoutstilling og kake. I tillegg til det tradisjonelle programmet kan 17.maikomiteen i år lokke med kake og fotoutstilling om Gjermund N. Grivi i Gullbring etter Talarstemnet. f.v. Kristin Ødegård Vestgarden, Margit Ims med Ingelin og Kjell Stundal.

 

Ikkje hopp av i svingen

17. maikomiteen lovar ein tradisjonsrik og flott 17. mai, men har eitt ønskje: Det er at alle går opp kyrkjebakken og ikkje hoppar av toget i svingen.

– Alle må gå opp til kyrkja. I år blir vegen nyasfaltert, lokkar Kristin Ødegård Vestgarden.

– 17. mai-feiringa er veldig tradisjonell og vel innarbeidd. Det blir inga endring, det har me prøvd, det var ikkje vellykka, smiler Kjell Stundal.

Litt nytt har nemnda likevel lurt inn, ein har valt nasjonaldagen til å feire stortingsmann og mykje meir, Gjermund N. Grivi. Blant anna skal det avdukast ei byste av Grivi på nasjonaldagen. Kake blir det også å få.

Les meir om feiringa av 17. mai i papiravisa eller kjøp avisa digitlt på buyandread.no.