170518-Bondeaksjon---nett

Bøndene aksjonerte i Bø

Av Telemark bondelag fekk ordførar Olav Kasland eit ope brev å gje til stortingspolitikarane. Foto: Gro B. Røiland 

Rundt 20 traktorar og dobbelt så mange bønder frå fire bondelag i Midt-Telemark samla seg i dag i Bøgata og på Bø torg i protest mot jordbruksforhandlingane og tilbodet frå regjeringa. I spissen for aksjonen sto Telemark bondelag, og målet for bøndene var kommunehuset i Bø. Her fekk ordførar Olav Kasland overlevert eit ope brev til dei politiske partia på Stortinget, der politikarane blir oppmoda om å vise ansvar i jordbruksoppgjeret.

– Regjeringa har ikkje vist vilje til å strekke seg så langt at det er mogleg å få til ei avtale. Telemark bondelag meiner det er svært skuffande, heiter det mellom anna i brevet.

Bønder over heile landet markerer i dag protest mot regjeringa sitt tilbod i forhandlingane, eit tilbod som har ført til brot. I Telemark har det vore aksjonar i Bø, Seljord og Skien. Nå er det opp til Stortinget å vedta oppgjeret.

Les meir om aksjonen i Bø i papiravisa neste veke.