FULLT, MEN: Rene Langeveld Sas fortel at det er fullt i Sommrarland nesten ut juli, men det blir likevel færre gjester enn det var for eksempel i 2019. Arkivfoto
FULLT, MEN: Rene Langeveld Sas fortel at det er fullt i Sommrarland nesten ut juli, men det blir likevel færre gjester enn det var for eksempel i 2019. Arkivfoto

Spleisar på sesongkort i Sommarland

Eit spleiselag med Ingemar Bråten i spissen ordnar gratis sesongkort til femti barn.

Illustrasjonsfoto: Gro B. Røiland  

Femti barn i Midt-Telemark får i sommar gratis sesongbillett i Sommarland. Det er fjerde år på rad Ingemar og Mary Bråten får med Sentrumsringen i Bø og Bø Sommarland i eit spleiselag, slik at barn som elles ikkje får besøkt parken på grunn av familiens økonomiske situasjon får sesongbillett.

– Me synest det er viktig å vere med, og det var lett å seie ja til å bidra, seier Olav Tangen og Ole Johan Natadal i Sentrumsringen

Bø frivilligsentral står for utvelginga av ungar og familiar som får glede av ordninga.

– Arbeidet blir koordinert med helsesystrene i dei tre kommunane, NAV-kontora og flyktningtenesta som hjelper med å plukke ut familiar og ungar som av ulike årsaker kan trenge litt hjelp til å sikre at ungane får eit hyggeleg aktivitetstilbod i sommar, seier Ingemar Bråten.

Les meir i papiravisa eller kjøp avisa på buyandread.no