2017-05-B-blad-framside-170526

Forseinka lokalavis

Uteblitt avis. Svært mange av Bø blad sine abonnentar fekk ikkje avisa si førre veke. Posten melder nå at den er på veg.

Manglande levering av lokalavisa

Bø blad beklagar så mykje overfor svært mange abonnentar som ikkje har fått avisa si i førre veke (biletet). Den skulle ha blitt levert i postkassene i løpet av fredag. Posten melder om problem med sortering av Bø blad på Stokke postterminal. Lokalavisa skal vere sortert ut i dag og den bør da bli levert i løpet av tysdag.