Kultursjef Hilde Pedersen og Marianne Dale i Visit Bø ved treet i Evjudalen der H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit i dag skal opne parkbibliotek. Foto: Gro B. Røiland
Om få timar rullar Litteraturtoget med H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit inn på Bø stasjon. Det er den fyrste av fleire store hendingar som set Bø på kartet denne sommaren. For 2017 er sommaren da alle skal til Bø.
Dei neste prominente gjestene som kjem til bygda er Hans Majestet Kongens Garde. Fredag 16. juni, under korpsfestivalen, kjem gardemusikken til Bø. Det blir oppvisning med musikantar og drilltropp på idrettsbanen ved høgskulen.
Fredag 23. juni kan heile landet bli med på sankthansfeiring i Bø. I samband med Telemarksveka og skifestivalen sender TV2 familieshow frå scenen i Sommarland. Kjende artistar, idrettsstjerner og tv-profilar deltar på det direktesendte showet som er ope for alle.
Sist, men ikkje minst – tysdag 15. august stoppar NRK Sommertoget på Bø stasjon. Det blir opplegg på stasjonen heile dagen, og sendingar både på NRK radio og tv ettermiddag og kveld. NRKs besøk blir avslutta med Reiseradioen onsdag 16. august før toget kjører vidare.
Kultursjef Hilde Pedersen og dagleg leiar i Vist Bø, Marianne Dale, håper folk i Bø og kommunane rundt stiller opp på dei ulike arrangementa.
– Det er moro at alle skal til Bø i sommar. Me som bur her må passe på å få med oss det som skjer, seier Pedersen.
I Bø blad frå 1. juni kan du sjå oversikt over det som skjer i sommar. Avisa er også å få kjøpt på buyandread.no