170403-Bø-og-Sauherad-kommunevåpen

Foreslår Midt-Telemark som nytt namn

Skal bytast ut. Kommunevåpen med feler og eple skal bytast ut nå Bø og Sauherad slår seg saman til ein kommune. Det er kome forslag om tre alternativ frå arbeidsgruppa. Les om dei i avisa torsdag.

 To for Bøherad

Arbeidsgruppa for namn og symbol for den nye kommunen har kome med innstillinga si. Eit fleirtal på tre i gruppa ønskjer at kommunane Bø og Sauherad skal heite Midt-Telemark når dei slår seg saman frå 1. januar 2020. To meiner at den nye kommunen bør heite Bøherad og ein har gått for Lindheim.

Gruppa har også valt ut dei tre utkasta til kommunevåpen som dei meiner er mest aktuelle.

Fellesnemnda for den nye kommunen skal behandle saka fredag og 21. august kjem den opp i eit felles kommunestyremøte.

Les meir i papiravisa som kjem torsdag. Avisa også kjøpast på nett på buyandread.no, den nye avisa ligg her torsdag.