170616-Kommunevåpen-Bø--og-Sauherad

Går for felekommunen Midt-Telemark

Slik kan kommunevåpenet for nye Midt-Telemark kommune bli. Dataanimasjon: Dag Einar Hvitsand

Går det som Fellesnemnd for den nye kommunen vil, blir kommunen heitande Midt-Telemark og kommunevåpenet blir tre gule feler på blå botn. Det er klart etter møtet i fellesnemda fredag fyremiddag.

Vedtaket om kommunevåpenet var einstemmig, etter at fleire forslag var lufta og drøfta. I namnesaka blei det fleirtal for at den nye kommunen skal heite Midt-Telemark med to stemmer mot. Bøheringane Borgar T. Kaasa (Sp) og Glenn Thore Isaksen (Ap) gjekk for Bø som kommunenamn.

Kommunestyra i dei to kommunane skal behandle namne- og kommunevåpensaka 21. august. Kommunestyremøta vil da gå parallelt.

Les meir om debatten i fellesnemnda i papiravisa torsdag 22. juni.