TelemarksVeka skijentene og Svein Halvor 20. juni 2017 1349

Skilandslaget trenar i Bø

Landslag med lokal kjentmann. Landslaget er her dressa opp for langtur på rulleski via Bø, Hørte og Gvarv med Skarphedin-løparen Svein Halvor Dahl som kjentmann. Frå venstre Kari Øyre Slind, Astrid Uhrenholdt Jacobsen, Marit Bjørgen, Ragnhild Haga, Ingvild Flugstad Østberg og Maiken Caspersen Falla. Foto: Øystein Akselberg  

Skilandslaget for kvinner er på treningsleir i Bø denne veka. Dei bur privat og skryt av fin buplass og gode treningsforhold både langs vegane og i skogen.

Bø blad fekk tysdag møte kvinnelandslaget på ski der dei bur på hemmeleg og privat adresse i Bø. Dei har fått fleire hus å opphalde seg i, men vil helst halde lokaliseringa for seg sjølv. Landslagjentene gjorde seg klar for ei lengre treningsøkt då me møtte dei. Tysdag gjekk turen via Lundevegen, sentrum, Hørte, Gvarv og tilbake langs riksvegen. Treninga gjekk saman med rekruttlandslaget og eit proff-lag. Ein stor og fargerik gjeng spreke skifolk blei eit syn for alle som møtte på dei.

I dag tidleg, torsdag, gjekk jentene intervall-trening frå rundkøyringa og opp Lifjellvegen til Jønnbu. Nok ei god økt i Bø for våre beste kvinneløparar.

Laurdag deltek fem av jentene i Sommarlandsprinten på rulleski i Bø sentrum. I show-rennet blir det mange skistjerner å sjå, med Martin Johnsrud Sundby og Sjur Røthe i spissen. Svein Halvor Dahl er det lokale håpet.