Nordbøåsen visningssenter Hynne, Løvskeid, Gustavsen, Moland Verpe og Lie juni 2017

Snart 100 millionar investert

Visningssenter.  Storutbygginga i Nordbøåsen er etablert på Ekspertsenteret i Bø blant anna med aktørane Kjetil Hynne (f.v.), Lars Gunnar Løvskeid frå Sparebanken1 Telemark, Tor Arne Gustavsen frå T.a. Gustavsen, Vigdis Moland Verpe frå Nordbøåsen Utbyggingsselskap og Hallgeir Lie frå Tveito Maskin.

Utbygginga i Nordbøåsen tomtefelt bikkar snart 100 millionar kroner i grunninvesteringar. Snart blir 100 nye tomter lagt ut.

På Ekspertsenteret har dei ansvarlege bak storutbygginga i Nordbøåsen, Nordbø Utbyggingsselskap, etablert seg med kontor og eit eige visningssenter der fleire aktørar i utbygginga er å finne. I tillegg til utbyggingsselskapet med Vigdis Moland Verpe og Kjell Aage Verpe i spissen, finn ein byggmeister T. A. Gustavsen, Sparebanken 1 Telemark, husleverandøren PEAB og koordinator Kjetil Hynne.
– Tomtekjøp og husbygging bør starte her. Me kan gje råd til alle som vurderer å byggje seg hus. Her er det nærleik til entreprenørar og alle slags handverkarar etter behov, seier den nye seljaren for Nordbøåsen Utbyggingsselskap, Kjetil Hynne.
– Jobb nummer ein er å sørgje for at kundane vil byggje og bu i Bø, seier han, og legg til at dei på senteret no kan tilby ei heilheitleg pakke for kunden.