170706-musikkvideo-Morten-Pettersen,-Bjørnar-Sanda-og-Kristoffer-Sanda-2

Musikkvideo frå Sommarland

Morten Pettersen frå Ulefoss og Bjørnar og Kristoffer Sanda frå Bø er med i musikkvideo frå Sommarland. Foto: Gro B. Røiland

Da rappeduoen Skei & PT sin nye sommarlåt skulle bli musikkvideo, ønskte Sony Music Norge seg Bø Sommarland som kulisse. Parkdirektør Rene Langeveld Sas heiv seg rundt. På under eit døgn var parken opna, sjølv om det var utanfor sesong.

Filmteamet trong også eit par gutar og ein kar som kunne spele sinna vaktmeister. Det ordna Sommarland-direktøren også. Gutane fann han i nabohuset i Breisås og «vaktmeisteren» på lista over tilsette i parken.

Musikkvideoen viser Sommarland i strålande sommarsol, historia er morosam og musikken fengande. Sommarlåta «Sol og Sommer» kan du sjå og høyre her.

Les meir om saka i denne vekas utgåve av Bø blad eller kjøp avisa på buyandread.no