Midt-Telemark Næringspark Brenna område D2 010817 1

Politi, bensin og rask mat

Tilrettelagt for lensmannskontor. Sauherad kommune og Midt-Telemark Næringspark stiller dette arealet på Brenna til disposisjon for bygging av felles lensmannskontor for Bø, Sauherad og Nome.

Næringsparken på Brenna legg til rette for fleire nyetableringar i nær framtid. Lensmannskontor, bensinstasjon og matservering ligg først i løypa.

Midt-Telemark Næringspark AS ligg på Brenna/ Storkaasa midt mellom Bø og Gvarv, like ved Riksveg 36. Næringsområdet er eigd av kommunane Bø, Sauherad og Nome og ligg på Sauherad si side av kommunegrensa mot Bø. Så langt er det berre ein aktør som har etablert seg fysisk på næringsområdet. Til hausten håpar ein at fleire nye aktørar slår til og kjøper seg tomt.

Sauherad kommune vedtok i kommunestyremøte 15. juni i år ei endring i reguleringsplanen i eit av delområda for å leggje til rette for eit nytt felles lensmannskontor for Nome, Bø og Sauherad. Endringa opnar opp for at offentlege kontor og tenesteyting med beredskapsfunksjonar kan etablere seg innanfor eit av delområda i næringsparken (delområde D2). Feltet omfattar tre tomter på til saman 6.800 kvadratmeter. Området ligg langs elva lengst inne i feltet.
– Me har tilrettelagt for etablering av eit nytt lensmannskotor i næringsparken, seier styreleiar for næringsparken, Kjell Arne Lunde, og legg til at dei har lagt inn eit prospekt til Politidirektoratet for eit bygg på 1.400 kvadratmeter på ei tomt på 2,5 – 3 daa tomt.