170810-sommertoget-1

Sommertoget møtt av full perrong

Nordagutu stasjon var full av folk da NRK Sommertoget kom inn på stasjonen. Foto: Gro B. Røiland

NRK Sommertoget blei møtt av fullsett perrong, felespel og dans, frukt og bær, bursdagskake for Bratsbergbanen og meire til da det kom til Nordagutu laurdag.

Omlag ein halv times stopp var lagt inn i ruteplanen mellom Porsgrunn og Notodden, noko sauheringane hadde gjort maks ut av. Med bra program og vakkert sommarver, blei det eit flott tv-innslag og ein triveleg hending for dei frammøtte.

Tysdag 15. august kjem toget attende til Midt-Telemark. Da er det Bø sin tur. Sommartoget blir i bygda frå tysdag til onsdag, og både tv-show og NRK Reiseradioen blir sendt frå Bø stasjon i løpet av døgnet.

Sjå fleire bilete frå Sommertoget på Nordagutu stasjon på Bø blad si Facebook-side.