
Krysse jernbanen. Ordførar i Sauherad, Mette Haugholt, seier at ein ikkje veit korleis gang- og sykkelvegen skal passere jernbanen enno.
Kommunesamanslåings-pengar
Bø kommune og Sauherad kommune har fått fire millionar kroner for å starte på planlegginga av gang- og sykkelveg langs riksveg 36 mellom Bø og Gvarv.
– Samanslåingskommunane kunne søke om pengar til infrastrukturprosjekt. Me søkte om fem millionar og fekk fire. Det er me veldig glade for, seier ordførar i Sauherad, Mette Haugholt.
Ho meiner at dette er ei god draghjelp til prosjekteringa, sjølv om ein ikkje fekk full pott. Dei to kommunane søkte om pengar blant anna til å lage reguleringsplan, tekniske teikningar og å planlegge bruer.
Haugholt opplyser at ho har vore i kontakt med Statens vegvesen. Det har stadfesta at det vil ta på seg planlegginga for dei to kommunane.
Les meir i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no.