Arnt Darrud 4. aug 2017 tegning eldhus brd

Teikna nye Uvdal gard

Staselege bygg. Arnt Darrud viser fram arbeidsteikninga av det nye eldhuset på Uvdal gard. På eit av husa heime på Fjellstad i Sauherad har Darrud sjølv laga ein kopi av beitskia som var å finne på begge dei gamle stabbura på Uvdal gard. Foto: Øystein Akselberg

Idéskapar og tusenkunstnar Arnt Darrud er arkitekt for gjenreisinga av Uvdal gard. Garden vil igjen bli ein staseleg og flott storgard.

Arnt Darrud (55) bur på plassen Fjellstad ovanfor Årnes i Sauherad. Han er kjent som idéskapar, kunstnar og arkitekt og har bokstaveleg talt tusen jern i elden. Han har hatt god kontakt med gardsfolket på Uvdal gard i mange år og har hatt fleire oppdrag på garden, seinast med restaureringa av hovudhuset og reiskapsbygningen før det. Da Uvdal gard brann ned til grunnen 24. juli i fjor fekk han umiddelbart beskjed om at gardsfolka ønskte at han skulle kome med forslag og teikne den nye garden som skulle gjenreisast.
– Det har vore ei spennande og utfordrande oppgåve. Historia bak garden er svært spesiell, heilt frå storbonde Halvor Borgen tidleg på 1900-talet ville byggje ein «kongsgard» i Bø, seier Darrud.

Han slår fast at Uvdal gard har ein spesiell posisjon både i Bø-samfunnet og hjå bygdefolket som ein stor og staseleg gard.
– Gardsfolket har ønskt seg gjenoppbygging tilnærma den gamle garden, samtidig med ønskje om å tilføre noko nytt og spesielt. Den gamle garden hadde alle ingrediensane og utsjånaden som ein praktgard. Utfordringa mi har ligge i å få dei nye bygga opp i riktig dimensjon og i rett målestokk, seier Darrud, og legg til at det også har vore viktig at bygningane skal vere til større nytte og ha brukseffektivitet.

Darrud har laga arbeidsteikningane til tre nye bygg på nye Uvdal gard: hovudhus, driftsbygning og eit eldhus.
– Hovudhuset og låven er i opphavleg stil, men me har stramma dei opp i forhold til dagens bruk, forklarar han.