170814-Sommertoget-på-Nordagutu-1

– Tenk sikkerheit på stasjonen

Trygg folkefest. Bane Nor vil at besøket av Sommertoget skal vere ein trygg folkefest og bed folk følgje reglar og informasjon på Bø stasjon når toget kjem til Bø tysdag. Her kjem toget til Nordagutu. Arkivfoto: Gro Birgitte Røiland

– Må ta omsyn til annan togtrafikk

Bane Nor oppfordrar folk til å tenkje ekstra på sikkerheita når ein er på arrangement knytt til Sommertoget på Bø stasjon. Ein bør for eksempel ikkje henge ting på bruer og køyreleidningar.

– Det går 16.000 volt gjennom køyreleidningane, då seier det seg sjølv at lange stenger, ballongar eller andre ting som kan kome i kontakt med straumførande leidningar er ein stor fare, skriv Ellen Rindal i Bane Nor i ei pressemelding.

– Me har sett ut informasjonsplakatar og delt ut brosjyrar på stasjonane. Dei inneheld togvettreglar der me bed publikum om å ta omsyn til annan togtrafikk utanom sommartoget. Det er strengt forbode og livsfarleg å gå i togsporet eller krysse sporet, skriv Rindal.

Rindal er prosjektleiar for sikkerheita rundt sommartoget. Ho meiner det er sjølvsagt at folk skal respektere informasjonsskilt og sperringar og følgje beskjedar frå vaktpersonell, men meiner det er viktig å minne om dette slik at det blir ein sikker folkefest.

Bane Nor er elles godt fornøgd med respekten publikum har vist for sikkerheitstiltak langs sporet og på stasjonane så langt.

Les fleire lokale nyheiter i papiravisa eller kjøp Bø blad på nett på buyandread.no.