Skarphedin fotball nye folk

Toppkamp på Sandvoll i kveld

Nye folk inn. Skarphedin fotball stiller til seriekamp etter ferien med tre nye mann i troppen. Mest kjend er nok Super-Eddy (Edvard Ajer) som har mange år bak seg i den blå Skarphedin-trøya. Her står han i midten saman med trenar Øystein Sanden. Nye spelarar er i tillegg Fredrik Tennfjord og Sigurd Aas Levang. Foto: Skarphedin fotball.

Skarphedin fotball møter Urædd på Sandvoll i kveld klokka 19.30. Dette er sesongens store toppkamp i Kretsligaen Telemark, 4. divisjon. Urædd toppar tabellen med Skarphedin like bak på tredje plass. Kampen er også ein revansje etter at Urædd stal med seg alle tre poenga etter vårens kamp, då etter ein protest. Våroppgjeret endte eigentleg med poengdeling og 1-1.