170810-riksveg-36-Årnes-Slåttekås-08-b

Gjenbruk på ny veg

Mykje jobb. Sjølv om det er gjennomslag i tunellen ved Holte så blir den ikkje opna før neste år, seier byggjeleiar Arne Kleivstaul (t.v.), her saman med kontrollingeniør Olav Heggenes.

 Berelag, ikkje avfall

Det er i ferd med å bli rulla ut ein ny veg mellom Årnes og Slåttekåstunellen. Den gamle asfalten blir brukt på nytt, i staden for å bli behandla som avfall.

– Like før fellesferien vart vegen lagt om og trafikken dirigert over på den nye vegen mellom Slåttekåstunellen og kommunegrensa. Då låg den gamle riksvegen der med tjukke lag av asfalt. Dette er ressursar me kan gjere oss nytte av på anlegget.

Det seier prosjektleiar Svein Tovslid.

Han forklarar at i staden for å køyre den gamle asfalten langt vekk og køyre ny massar tilbake, brukar dei den gamle asfalten som berelag i den nye vegen. Tovslid peikar på at asfalt elles er avfall som det kostar pengar å bli kvitt.

Les meir om utviklinga på den nye dele av riksveg 36 i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no.