170817-Sommartoget-nitimen-15

Nitimen direkte frå Bø stasjon

Ventar på tur. Torgeir Straand blir intervjua, medan Webjørn S. Espeland og Odd Nordstoga ventar på tur.

Møt bøheringar direkte på radioen

Festkvelden frå sommartog-sendinga i går held i dag fram i solskin. Denne morgonen sender Nitimen på NRK direkte frå Bø stasjon. Det er naturlegvis med ein del bøheringar i sendinga. Torgeir Straand, oppfinnar, entreprenør, bonde og spelemann for eksempel. Utflytt bøhering og spaltist i Bø blad, Webjørn S. Espeland, skal intervjue ein av verdas beste billakkerarar, Åse Roe Brekke, og servere Bø-quiz. Han skal også innom tannlege Erik Engesæter. Odd Nordstoga er også med i sendinga, han har eit sterkt forhold til Bø, ifølgje NRK sine nettsider.