
Kva skjer. Thor Arne Hynne lurer på kva som skjer med Åsebrua og kva Vegvesenet har tenkt å gjere. Det veit ikkje Vegvesenet enno.
Blir innsnevring lenge
Det har vore berre eit køyrefelt over Åsebrua sidan november i fjor haust. Byggjeleiaren for bruer i Telemark veit framleis ikkje når brua kan bli opna igjen i to køyrefelt.
I november i fjor skreiv Bø blad at innsnevringa og fartsreduksjon til 50 km/t ville gjelde til byggjeperioden er ferdig. Byggjeleiar for bruer i Telemark, Halvor Kåsa, sa i fjor at han rekna med at byggearbeidet var kome i gang til hausten, det har ikkje skjedd. Ifølgje Vegvesenet sine nettsider skal brua vere stengt ut november i år.
Ifølgje saka i Bø blad er alternativet til innsnevring til eitt køyrefelt og å sette ned aksellasta for brua slik at ikkje tyngre køyretøy kan bruke den. Problemet er at eit av brukara på Lunde-sida har sige.
Les meir i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no