Bø skule klasse 1B stiller opp til fotografering

Skulestart for 1.128 bø-elevar i dag

Oppstilling til fotografering. Kontaktlærar Mari Hermansen stiller opp ungane i klasse 1B ved Bø skule. Dei skal fotograferast til torsdagens Bø blad. Stolt publikum er foreldre og føresette. foto: Øystein Akselberg

I dag er det skulestart ved Bø skule, Folkestad skule, Bø ungdomsskule og Bø vidaregåande skule. Til saman byrja 1.128 elevar på nytt skuleår ved desse fire skulane i dag. 277 av desse startar skuleåret på ny skule. Og kanskje mest spennande var det for dei 69 elevane som starta i første klasse på barneskulen. Bø skule har i år 50 elevar i dei tre førsteklassane, medan det på Folkestad er ein førsteklase med 19 elevar. På Bø ungdomssskule starta 68 elevar opp i 8. klasse, medan det på Bø vidaregåande skule starta 140 elevar i 1. klasse.