170824 hoppebilete Kristin Tangen Tolo og Jon Solberg

Tar sats for song i skulen

Kristin Tangen Tolo og Jon Solberg har fått med seg Gaute Bratland Solberg (8), Mari Tolo (9) og Hanna Tolo (12) på Skulesong med singback. Foto: Gro B. Røiland  

Musikklærar Kristin Tangen Tolo og musikar og kulturskulelærar Jon Solberg vil ha meir song i skulen. Nå lanserer dei eit nytt pedagogisk verktøy som kan bidra til nettopp det.

Skulesong med singback heiter nyvinninga som er laga med støtte frå Kulturrådet. Dette er plater med song og musikk, samt tekstar til smartboard i klasserommet.

– Tanken er å hjelpe songen tilbake til klasserommet. Mange lærarar er flinke til å synge med elevane, men ein del kvir seg og det blir kanskje til at ein droppar det. Her får lærarane eit band å ta med seg inn i klasserommet, seier Tolo.

Tolo har sjølv skrive halvparten av songane, mens resten er kjende, tradisjonsrike barnesongar frå «Fader Jakob» til «Fager kveldssol smiler». Tekstane er på bokmål, nynorsk og engelsk, og musikken er arrangert for band av Solberg.

Backingbandet elevane får på Skulesong med singback består av Tolo og Solberg, samt Eivind Aase og Oddbjørn Aase. Gaute Bratland Solberg (8), Mari Tolo (9) og Hanna Tolo (12) er vokalistar.

Les meir som Skulesong med singback i papiravisa, eller kjøp avisa på buyandread.no