130815-Telemarkfestivalen-2013-Anund-Roheim-084

Delt siger i Porsgrunn

95 poeng. Per Anders Buen Garnås fekk 95 poeng for spelet i Fylkeskappleiken. Arkivfoto: Marta Kjøllesdal

Fekk Myllargutmedaljen

Per Anders Buen Garnås, Spelemannslaget Bøheringen,  og Alexander Røynstrand, Hardanger Spelemannslag, fekk Myllargutmedaljane i sølv på fylkeskappleiken i Telemark. Kappleiken vart arrangert av Spelemannslaget Vårlengt i Porsgrunn førre helg. Dei to fekk begge 95 poeng for spelet.

Lars-Ingar Meyer Fjeld, Spelemannslaget Vårlengt og hardingfelelærar i Bø kulturskule, fekk 90,5 poeng og tredjeplass. Sunniva Langås-Røiland frå Bø Juniorspelemannslag vart nummer to med 43 poeng i klasse C. Anne Britt Seljord Amundsen, Bø Juniorspelemannslag, deltok i rekruttklassen. Spelemannslaget Bøheringen deltok i lagspel og fekk 69 poeng.

Kongepokalvinnar Ingebjørg Bø frå Bø Dansarring dansa seg inn til andreplass denne gongen. Ho vart slått med eitt poeng av Hege Manheim frå Seljord Folkemusikklag.

Under kappleiken vart også meisterspelemannen Alf Tveit tildelt Æresmedaljen for arbeidet sitt for folkemusikken og for å ha promotert telemarkstradisjonen på ein meisterleg måte.