Skarphedin Haslum Lerum fix

Skarphedin gjorde seg ikkje bort

Tøff motstand. Skarphedin sitt ferske 2. divisjonslag i handball møtte eit av landets beste handball-lag i 3. runde i NM-cupen i Gullbringhallen i kveld. Det blei ein artig kamp og heimelaget spela i periodar svært bra. Her er Dag-Bjørnar Lerum i farta. Han skåra fleire fine mål i starten av kampen. Så blei han dyktig sliten. Foto: Øystein Akselberg

3. runde NM-cupen, Gullbringhallen, torsdag kveld: Skarphedin – Haslum 22-34 (9-19).

Det var nok ingen som tvila på kven som skulle stikke av med sigeren i 3. rundekampen mellom det ferske 2. divisjonslaget i Bø og eit av landets desiderte topplag, Haslum. Skarphedin hang med i starten men Haslum gjorde nokre rykk og ved pause stod det komfortabelt 9-19 til toppserielaget. Skarphedin spelte uten respekt og varta opp med mykje bra offensivt spel. Fleire spelarar utmerka seg. Dag-Bjørnar Lerum drog i gang frå start med fleire fine mål, og fleire meldte seg på etter kvart. Bøheringen Ole Gjermund Vreim skåra fleire fine mål frå kant. Elles må kaptein Sebastian Lindell, keeper Magnus Edholm og toppskårar Even Tinnesand nevnast. Totalt sett meir enn godkjent for heile laget. Andre omgang enda 13-15 til topplaget frå Haslum. Det tyder på at bøheringane har god kondis og står kampen ut. Det lovar bra for årets seriespel i 2. divisjon. Rundt 150 publikummarar kosa seg på tribunen. Mykje jubel og taktfast klapping inspirerte gutane ute på parketten.