170904-vallogo_gull_nynorsk

Førehandsstemming godkjent

Avviser klage frå Frp

Valstyret i Bø står fast på at førehandsstemminga ved høgskulen i Bø vart gjennomført i tråd med vallova og avviser klaga frå Frp.

Telemark Fremskrittspartiet (FrP) har klaga til Bø kommune og Porsgrunn kommune og meiner at vallova er broten i samband med førehandsstemming på Høgskulen i Søraust-Noreg, på studiestadane i Bø og Porsgrunn.

I klaga viser partiet til at då førehandsstemminga vart gjennomført på dei to studiestadane var samtidig Hadia Tajik, nestleiar i Arbeiderpartiet, til stades og heldt førelesing.
«Det var store delegasjoner av politikere fra Arbeiderpartiet tilstede, i de rom velgerne må passere for å ankomme området hvor forhåndsstemmegivningen var lokalisert. Det at også en av Arbeiderpartiets fremste politikere hadde forelesning på høyskolen denne dagen er etter hva jeg mener et klart brudd på valglovens §9 – 4 punkt 1».
Det skriv Adrian Ness Løvsjø, politisk nestleiar og stortingskandidat i klaga til dei to kommunane. FrP vil at det skal haldast nytt val i Bø og Porsgrunn.

Bø kommune skriv i eit brev til Valdirektoratet at førehandsstemminga vart gjennomført i eit møterom på høgskulen av to tilsette i Bø kommune. Det var ikkje politikarar til stades i lokalet.
Saka var oppe i valstyret i Bø måndag og vedtaket var samrøystes. Klaga er sendt vidare til departementet slik at det kan vurdere den.