50kr[1]

Falsk 50-kronesetel på Bøsenteret

Likna. Den falske setelen mangla vassmerket og metallstripa som er kjenneteikn på at den er ekte, men likna ein ekte.

Kunden var vekk

– Tysdag vart det oppdaga ein falsk 50-lapp på Café snakkas på Bøsenteret. Det opplyser senterleiar  Tove Lundeberg Bringa.

Ho fortel at setelen likna veldig på ein ekte, men den mangla vassmerket og metallstripa som er kjenneteikn på at den er ekte. Lundeberg Bringa seier at den falske setelen så vaska, men ekte ut.

– Den vart ikkje oppdaga medan kunden var i butikken, opplyser Lundberg Bringa.

Politiet er kontakta om saka. Ho oppfordrar alle til å passe på, det kan vere andre falske setlar i omløp