2017-09 Val Bø

Flest stemte Arbeiderpartiet, Senterpartiet aukar mest

Høgre-folka Kristin Kleppen (f.v.), Jan Lepperød og Torbjørn Lahus (t.h.) mista veljarar i Bø, medan Senterpartiets Einar Fagerås og Astrid Staurheim (midten i kvite skjorter) kan juble over å vere valets vinnarar i heimbygda. Arkivfoto: Hilde Eika Nesje

Senterpartiet valvinnar i Bø

Da 99,8 % av stemmene var talde opp på valdagen måndag 11. september, hadde Arbeiderpartiet fått flest stemmer frå veljarane i Bø. Senterpartiet var ein god nummer to med 18,7 % av stemmene, med Høgre (16,3 %) og Fremskrittspartiet (14,9 %) hakk i hel. Det største partiet i kommunestyret, Venstre, hadde fått 3,7 % stemmer i Stortingsvalet. 12 personar stemte blankt og fire av stemmene blei forkasta.

Viss ein samanliknar med Stortingsvalet for fire år sidan er det Senterpartiet som er den store vinnaren i Bø, med 10 % auke. I samsvar med landsresultatet raser Arbeiderpartiet også nedover i Bø, minus 7,5 % sidan førre val. Også Høgre mistar veljarar i Bø, medan Fremskrittspartiet , SV, MDG og Rødt aukar. Elles har både Venstre og KrF færre veljarane i Bø enn ved førre Stortingsval.

4455 personar kunne stemme i Bø kommune. Av desse hadde 1197 stemt på førehand. Måndag kveld var totalt opptalde stemmer 3187. Frammøteprosenten ved viste da 72 %.

Valresultatet i Bø – da 99, 8 % av stemmene var talde opp måndag kveld:

Arbeiderpartiet 26,1 % (-7,5 pp)

Senterpartiet 18,7 % (10 pp)

Høgre 16,3 % (-2,5 pp)

Fremskrittspartiet 14,9 % (1,2 pp)

Sosialistisk Venstreparti 6,1 % (1,3 pp)

Miljøpartiet De Grønne 5,6 % (2,0 pp)

Kristelig Folkeparti 5,2 % (-3,1 pp)

Venstre 3,7 % (-2,5 pp)

Rødt 1,9 % (1,1 pp)

Partiet De Kristne 0,6 % (-0,2 pp)

Helsepartiet 0,4 % (0,4 pp)

Liberalistene 0,2 % (0,2 pp)

Alliansen 0,2 % (0,2 pp)

Demokratene i Norge 0,1 % (0,1 pp)

Kystpartiet 0,0 % (-0,1 pp)

Kjelde: www.valgresultat.no

Bø blad kjem tilbake med meir valstoff i papiravisa torsdag.