Skarphedin handball lagbilde august 2017 4973

Tøff start i 2. divisjon

To bortetap. Skarphedin møtte hard motstand i sine to første bortekampar i sesongens 2. divisjon.

Skarphedin sitt herrelag i det nasjonale handballserien i 2. divisjon fekk ein tøff start i dei to bortekampane i helga. Laurdag blei det tap 38-29 mot Storhamar på Hamar. Her stod det 20-17 ved pause som viser at bølaget hang godt med frå start. I denne kampen laga kaptein Sebastian Lindell åtte mål og Ole Gjermund Vreim fem mål. I sundagens kamp blei det 36-20-tap borte mot Everum2. Her stod det 19-9 ved pause. Even Tinnesand blei toppskårar for bøheringane med sju mål. Neste kamp for herrelaget blir heime i Gullbringhallen sundag 24. September når dei tek i mot Oslo-Studentenes IK.