
Ordførar Mette Haugholt (Ap) kan juble over flest stemmer i Sauherad, men partiet gjekk også mest ned i Stortingsvalet. Arkivfoto: Marta Kjøllesdal
Senterpartiet vant mest i Sauherad
Arbeiderpartiet fekk flest stemmer i Sauherad på valdagen i går, men gjekk ned 5,1 prosentpoeng i høve førre val. Senterpartiet fekk nest flest stemmer og blei valets vinnar også i Sauherad. Partiet auka med 9,1 prosentpoeng.
Både Høyre og Fremskrittspartiet fekk mindre oppslutnad i dette Stortingsvalet enn dei gjorde for fire år sidan, det same gjeld KrF og Venstre. MDG, SV og Rødt hadde alle ein auke.
I Sauherad var det elles 3211 personar som kunne stemme. 2388 gjorde det, noko som betyr at 75 prosent brukte stemmeretten sin. 462 personar hadde førehandsstemt, sju stemte blankt og 10 stemmer blei forkasta.
Valresultat i Sauherad – Stortingsvalet 2017:
(Kjelde: www.valgresultat.no)
Arbeiderpartiet |
28,4% |
(-5,1 pp) |
|||||
Senterpartiet | 20,2% | (9,1 pp) | |||||
Høgre | 16,2% | (-0,3 pp) | |||||
Fremskrittspartiet | 16,1% | (-0,8 pp) | |||||
Kristelig Folkeparti | 5,2% | (-3,5 pp) | |||||
Venstre | 4,0% | (-1,1 pp) | |||||
Miljøpartiet De Grønne | 3,5% | (0,3 pp) | |||||
Sosialistisk Venstreparti | 3,5% | (0,6 pp) | |||||
Rødt | 2,0% | (1,3 pp) | |||||
Helsepartiet | 0,5% | (0,5 pp) | |||||
Partiet De Kristne | 0,3% | (-0,6 pp) | |||||
Alliansen | 0,1% | (0,1 pp) | |||||
Kystpartiet | 0,1% | (0,0 pp) | |||||
Demokratene i Norge | 0,0% | (0,0 pp) | |||||
Liberalistene | 0,0% | (0,0 pp) | |||||