170907-Apple-Aid-Jan-Olav-Eilefstjønn-1

Jubileumskonsert for Apple Aid

Jan Olav Eilevstjønn har fått med seg eit solid knippe artistar på jubileumskonserten til inntekt for Apple Aid. Foto: Gro B. Røiland

Didrik og Emil Solli-Tangen, Ni Liv, Torgeir Straand, Nicoline Berg Kaasin, Jan Birger Akerhaugen og Marjit Vinjerui. Alle deltek dei på jubileumskonserten i Gullbring kulturanlegg fredag 22. september.

Inntektene frå konserten går til hjelpearbeidet Apple Aid driv. I haust er det ti år sidan den fyrste semitraileren køyrde frå fruktbygda Sauherad fullasta med klede og utstyr til fattige på landsbygda i Romania. Mannen bak hjelpeprosjektet var eplebonde Jan Olav Eilevstjønn. Nå har han stått på for Romania i ti år og arbeidet held fram.

Apple Aid har så langt sendt femten semitrailerar til Romania. Kvar trailer har med klede og utstyr nok til å hjelpe 1200-1500 familiar. Kvar onsdag kveld møtest frivillige for å pakke kasser til neste sending. I kassene finst klede for barn og vaksne, samt varme teppe og anna utstyr som dei fattige familiane treng.

Les meir om konserten i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no