170914-Jakt-Maria-Langkås-og-Ingeborg-Heldal-Eika

Jentene på jaktlaget

Maria Langkås og Ingeborg Heldal Eika er med på laget når elgjakta om litt startar i Østerli-Vihus-området. Foto: Gro B. Røiland

For Maria Langkås og Ingeborg Heldal Eika byr hausten på ein aktivitet som trettenåringar flest ikkje får oppleve. Dei er med på elgjakt. Det har dei vore sidan dei var sju-åtte år gamle.

Jakt er både spennande og interessant, synest jentene som er ein del av jaktlaget Østerli-Vihus. Når dei blir gamle nok vil dei ta jegerprøva og sjølve bera våpen på jakta.

I år startar elgjakta samtidig nord og sør for Bøelva, mens det tidlegare har vore delt. Startskotet for elgjakt og rådyrjakt går 25. september. Det er i år tildelt 57 elg.

I papiravisa kan du lesa meir om jentene på jaktlaget, om elghund som jaktkompis og den nye gapahuken til Bø fiskelag. Du kan også kjøpe avisa på buyandread.no